Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Som hovudregel i jordlova er det forbode å dele landbrukseigedommar. Føremålet med dette forbodet er å sikre at ressursgrunnlaget for driftseininga ikkje blir redusert. Ein eigedom som blir nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Når ein skal avgjere om samtykke skal gjevast, skal det m.a. takast omsyn til
Det er viktig å merkje seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylt, gjev ikkje det nokon automatisk rett til samtykke.
Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein trur kan vere den faktiske eigaren til eigedommen.
Samtykke til deling kan gjevast dersom
I samband med eit samtykke til deling av landbrukseigedom kan det setjast vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet i lova.
Gebyr for delingssøknad etter jordlova er kr. 750 pr. sak og er fastsett ved forskrift frå departementet.
Søknad om deling av landbrukseiendommen skal sendast til kommunen. Søknaden må innehalde beskriving av eigedommen og plassering på arealet det blir søkt om deling av.
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
