Sogndal kommune
Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Onsdag 15. juni lanserte helse- og omsorgsministeren den nye helseportalen helsenorge.no.
E-helse er eit viktig satsingsområde for regjeringa. Gjennom helsenorge.no blir det brukt ny teknologi for å gje folk betre hjelp og helsetenester, seier helse- og omsorgsminister Anne Grete Strøm-Erichsen.
Helsenorge.no vil innehalde vegvisarar til helse og sunnheit, helserelaterte rettar og informasjon om sjukdom og behandling. Nettsida skal også informere om kva som bidreg til helse, som til dømes kosthald og fysisk aktivitet, samt ta opp tema som graviditet og psykisk helse. På den nye nettsida finn du oversikt over alle dei ulike helsetenestene.
