Er du interessert i fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling. 
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Søk ledig stilling

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. 

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Politiattest/vandelsattest
Fleire av stillingane krev at det vert levert politiattest. På heimesida til politiet kan du lese om politiattest/vandelsattest. Her finn du òg eit eige søknadsskjema om politiattest.

På nettsida Framtidsfylket.no kan du finna spennande jobbar i heile Sogn og Fjordane.