Kyrkja er ikkje freda, men alle saker som gjeld endringar i, eller ved, ei listeført kyrkje, også istandsettings- og vedlikehaldstiltak, skal sendast til Riksantikvaren for fråsegn. Kyrkjeleg fellesråd sender søknad via biskopen til Riksantikvaren. Riksantikvaren gir faglege råd om endringar eller vedlikehald, men det er biskopen som gir endeleg vedtak etter kyrkelova.

I Sogndal kommune er følgjande kyrkjer listeførte:

Stedje kyrkje vart oppførd i 1867 og har 400 sitjeplassar. Kyrkja er prega av vakre nygotiske former og av inspirasjon frå stavkyrkjene.

Ølmheim kyrkje er soknekyrkje for Norane. Ho vart oppførd i 1863 og har 230 sitjeplassar.

Fjærland kyrkje vart oppførd i 1861 og ombygd, utvida og oppussa i 1931/32. Ho er bygd i tre, har langplan og 300 sitjeplassar.