Marianne på Kongelaget

Marianne Stigen stod for ein flott prestasjon då ho onsdag skaut seg inn på Kongelaget under årets Landskyttarstevne på Voss. Med sine 245 poeng låg ho som nummer 15 på Kongelaget og nummer 2 på Prinsesselaget.

Marianne Stigen. Foto: Standplass.noEtter finaleskytinga vart resultatet 343 poeng og 30. plass, samt at ho vart tredje beste kvinne i konkurransen. Marianne er nøgd med sin eigen innsats: - Dette var betre enn eg hadde venta. Å koma på Kongelaget for andre gong var skikkeleg kjekt, seier ho til Sogn Avis.

Marianne Stigen kjem frå Gol i Hallingdal, bur i Sogndal, har anar frå Luster, skyt for Leikanger skyttarlag og jobbar i økonomiavdelinga i Sogndal kommune.

Me gratulerer Marianne med flott innsats!

Foto: Standplass.no        

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse/Postal address:
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS