Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Matombringing er ikkje ei lovpålagt teneste. Kommunen tilbyr likevel denne tenesta til personar som har behov for det. Det gjeld m.a. ved underernæring, fare for dette eller ved funksjonssvikt som gjer det vanskelig å lage eigne måltid. Tenesta er organisert som ein del av kjøkkentenesta ved Sogndal omsorgssenter og ein kan ein kan vende seg til: tlf 57 62 98 00 kl 09 -15.
Søkjar av tenesta må bu eller opphalda seg i kommunen. Det må liggje føre ein munnleg eller skriftleg søknad. Før søknaden vert handsama, vil det bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon.
Middag kr 60
Frukost og kveldsmat, pr måltid kr 26. Frukost og kveldsmat er for brukarar som bur i trygde- og omsorgsbustader ved Sogndal omsorgsenter.
Mellommåltid: 26
Abonnement alle måltid pr. mnd. 3.890,-.
Det er utkøyring av mat dagleg dersom ikkje anna er avtalt.
Sosial og helsedirektoratet har gitt pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i et nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber blant anna ei funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle dokument i saka etter Forvaltningslovens § 18, første ledd.
Søknad om denne tenesta vert handsama av Tverrfagleg samarbeidsgruppe for eldre og funksjonshemma i Sogndal kommuene, TSG. Med bakgrunn i ei fagleg vurdring av søkjaren sin totale situasjon gjer tenesteleiar vedtak om teneste.
For sakshandsaminga gjeld forvaltningslova med dei særreglane som er er fastsette i sosialtenestelova kapittel 8.
Ingen søknadsfrist.
