Dette vedtaket kan ikkje klagast på.

Målet med planarbeidet er å avklare ein trase for ny rv. 5 som stettar dagens krav til ein viktig hovudveg.

Statens vegvesen varsla planoppstart for utarbeiding av kommunedelplan rv. 5 Loftesnes–Kaupanger og sendte utkast til planprogram på høyring i desember 2018. Etter handsaming av innkomne merknader tilrådde Statens vegvesen nokre mindre endringar i planprogrammet (merknader og tilrådde endringar er omtalt i kap. 8 i planprogrammet) og sende saka over til Sogndal kommune for handsaming. Kommunestyret i Sogndal kommune vedtok planprogrammet 25. april i samsvar med framlegget frå Statens vegvesen.

Planarbeidet og utarbeiding av konsekvensutgreiing vil no fortsetje i samsvar med planprogrammet. Utkast til kommunedelplan vil truleg ligge føre seint i år, slik at planen og vegtrase for ny rv. 5 Loftesnes-Kaupanger kan bli vedteken våren 2020.

For siste nytt og informasjon om planarbeidet, sjå Statens vegvesen sine nettsider.

Dokument: