Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
For å oppnå areal- og kulturlandskapstilskudd er det ikkje høve til å gjere større endringar eller inngrep i kulturlandskapet.
Ved inngrep nemnde i forskrifta må det evnt. søkast dispensasjon frå "forskrift om areal - og kulturlandskapstilskudd." For andre inngrep bør det gjevast melding om tiltak.
Det inneber m.a. at:
1 Elvar og bekker skal ikkje kanaliserast eller lukkast
2 Opne grøfter skal ikkje lukkast.
3 Skogbryn, kantsoner og andre restareal mot innmark skal ikkje dyrkast opp
4 Åkerholmer, steingjerder og gamle rydningsrøyser skal ikkje fjernast
5 Jordbruksareal skal ikkje planerast
6 Ferdselsårer skal ikkje oppdyrkast eller stengast
7 Kantvegetasjon og åkerholmer skal ikkje sprøytast med mindre det er eit ledd
i skjøtselen av kulturlandskapet.
Krava er ikkje til hinder for:
- regelmessig botn - og siderensking av elvar, bekker og grøfter
- stell av tre og busker (hogst/ tynning/ skjæring m.m.)
- tiltak for naudsynt kryssing med redskap
