Mellombels husvære

Kommunen skal finne mellombels husvære til deg som ikkje kan skaffe deg dette på eiga hand. Du har rett til denne tenesta dersom du på eiga hand har freista skaffe deg eit husvære utan å ha lukkast, og dersom ditt behov for bustad er mellombels.

Handsaming

Du må ta kontakt med Nav Sogndal, tlf. 57 01 56 50 for å få hjelp til å søkje om mellombels husvære. Det vil vere naudsynt med samtale med ein sakshandsamar/rettleiar for kartlegging av situasjonen til søkjar.

Handsamingstid

Nav Sogndal har plikt til å handsame saka så snart som mogeleg. I saker som gjeld akutt, mellombels bustad vil det ofte vere naudsynt med sakshandsaming i løpet av dagen.

Søknadsfrist

Ingen
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS