Ordninga er konkret, relevant og eit enkelt verktøy til å arbeide målretta med miljø- og klimautfordringar. Sertifikatet kan og nyttast i all type marknadsføring som vare- og tenestelevering og i tilbodsrundar.

Meir informasjon på heimesida til stiftelsen Miljøfyrtårn  

Sogndal kommune har vedteke å delta i Miljøfyrtårn-ordninga og verksemder i kommunen har dermed høve til å sertifisere seg. Mellom verksemdene i Sogndal som er godkjende Miljøfyrtårn er Meny Sogndal, Princess Sogndal, Best Western Lægreid hotell og Fosshaugane Campus.