Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Miljøfyrtårn er ein nasjonal godteken sertifiseringsordning som er retta mot fremst små og mellomstore verksemder i privat og offentleg sektor. Ordninga er konkret, relevant og eit enkelt verktøy til å arbeide målretta med miljø- og klimautfordringar. Sertifikatet kan og nyttast i all type marknadsføring som vare- og tenestelevering og i tilbodsrundar.
Erfaring viser at Miljøfyrtårnverksemder:
- sparar driftsutgifter ved å tenkje miljø
- har tydeleg miljøprofil som gjev konkurransefortrinn
- skapar eit betre arbeidsmiljø
- bidreg til mindre belastning på naturen
- gjev fortrinn på tilbod med miljøkrav
Meir informasjon på heimesida til stiftelsen Miljøfyrtårn
Sogndal kommune har vedteke å delta i Miljøfyrtårn-ordninga og verksemder i kommunen har dermed høve til å sertifisere seg.
Kva skal eg gjere om verksemda mi ønskjer å sertifisere seg?
Informasjon om sjølve Miljøfyrtårn – ordninga er å finne på heimesida til Stiftelsen Miljøfyrtårn. Har verksemda di konkludert med å miljøsertifisere seg, er neste trinn å ta kontakt med ein konsulent.
Sertifiseringskostnader
Sogndal kommune har vedteke å vere med i Miljøfyrtårn – ordninga og verksemder i kommunen har høve å miljøfyrtårnsertifisere seg. I samband med dette har vi utdanna eigen sertifisør. For verksemder som ønskjer å sertifisere seg har kommunen vedteke å ha eit gebyr etter prinsippet om tilnærma kostnadsdekking. Gebyret vert sett til 5000 kr pr. verksemd, og inkluderar sertifisør, sertifikat og innramming.
Sogndal kommune sel og sertifisørtenester til nabokommunane Leikanger, Luster, Vik og Balestrand. Kostnaden for verksemder i desse kommunane varierar, og du må ta kontakt med din kommune.
Resertifisering
Saman med konsulenten gjer verksemda di ein miljøanalyse og lager ein handlingsplan for å innfri bransjekrava til Miljøfyrtårn. Alle krava må vere til stade før verksemda kan bli sertifisert. Konsulenten sender over miljøanalyse, miljørapport og gjev beskjed til sertifisør når verksemda er klar. Sertifisør og verksemd avtalar så ein dato for sertifisering. På møtet vert miljøanalysen gått igjennom og ev avvik avklara. Etter sertifiseringsmøte skriv sertifisør ein rapport og dersom det ikkje er nokre avvik vert det bestilt sertifikat. Dette vert sidan overlevert ved høve.
Ei verksemd må resertifiserast kvart tredje år. Verksemda tek kontakt med sertifisør i god tid før sertifikatet går ut. Alle krav skal gjennomgåast og vurderast på nytt.
