Miljøplan i jordbruket

Handsaming

Planen skal vera tilgjengeleg på bruket ved kontroll i samband med søknad om produksjonstillegg.

Søknadsfrist

Planen skal liggja føre ved søknad om produksjonstilskot for utfylling av sjekkliste.

Alle føretak som mottek produksjonstillegg må ha utarbeidd miljøplan. Planen skal bidra til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og medvirke til auka verdiskaping.

Meir informasjon: slf.dep.no

Trinn 1 skal innehalde:
- Kart over alle jordbruksareala som føretaket disponerer. Kartet skal påførast vegar, vatn, kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre viktige miljømessige tilhøve.
- Gjødslingssplan og sprøytejournal for dei som er underlagt desse krava
- Sjekkliste for miljøomsyn ved jordbruksdrift

Trinn 1 skal liggje føre innan søknadsfrist for produksjonstilskot. Frist for sjekkliste er 15. november.

Trinn 2 er knytt til særskilte miljøformål i jordbruket og skal innehalde :
1. Målsetting for miljøinnsats til føretaket

2. Planar som skal fremje særskilte føremål
3. Dokumentasjon på gjennomføring av tiltak

Trinn 2 skal fylgje søknad om SMIL - midlar og Søknad om tilskot frå Regionalt miljøprogram.

---------------

Forskrift frå Landbruksdepartementet 15.01.03 med heimel i lov av 12. mai 1995 lov om jord (jordlova) §§ 3 og 18
Forskrifta gjeld alle føretak som mottek produksjonstillegg Jfr forskrift 22.03.02. nr 283

--------------

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS