Forvaltningsutvalet vedtek mindre endring av detaljreguleringsplan Hodlekve – Rinden, slik det går fram av vedlagte føresegner, i medhald av pbl. § 12-14 og politisk delegeringsreglement sak 30/17.

Føresegn 4.1.1 g) vert endra slik:
Terreng ved plassering av bygg kan fyllast opp med inntil 2,5 meter, dersom søknad syner massebalanse for terrengendringar som er naudsynt for oppføring av bygg.

Føremål med planendringa
Føremålet med planendringa er å tilpasse planen rammene i tilgrensande planer, slik at byggesøknader kan handsamast på ein tidseffektiv måte.
Endringane gjeld føresegna, og er avgrensa til:

  • Endring av utgangspunktet for berekning av grad av utnytting frå bruksareal (BRA) til bebygd areal (BYA).
  • Høgde på bygg vert styrt med utgangspunkt i gjennomsnittleg planert terreng.
  • Takvinkelen vert harmonisert i heile området med takvinkel på mellom 10 og 31 grader.
  • Reduksjon av kravet til parkering i område for konsentrert fritidsbebyggelse.

Klagerett
Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument i saka: