Formålet med planendringa er å sikre samanfallande eigedoms- og føremålsgrensar som grunnlag for oppmålingsforretning.

Området som inngår i planendringa ligg nordvest for Vellegjerdet og er regulert gjennom områdereguleringsplan for Kjørnes IV, arealplan-ID 1420-2015004, sist revidert 18.06.2015. Eigedomar som vert omfatta er gbnr. 1/47 og 1/7.

Planendringa inneber justering av formålsgrensar i plankartet mellom områda regulert til bustad (B7, B12) og jordbruk (J2). Framlegg til endra plankart er synt som eit utsnitt frå områdeplanen, sjå vedlegg. Når grensene mellom B12 og J2 vert flytta, tek ein 41,3 m2 frå jordbruk til bustad. Når grensene mellom J2 og B7 vert flytta, tek ein 116 m2 frå bustad til jordbruk. Justeringane er små i høve til området som vert påverka. Endringa utgjer ikkje vesentleg betydning for områdeplanen sitt innhald, gjennomføringa av den og kjem ikkje i konflikt med omsyn til viktige natur- og friluftsområde. Det vert i utgangspunktet vurdert frå planavdelinga at vedtak om reguleringsendring ved dette høvet kan gjerast administrativt.

Merknadar til planendringa kan sendast skriftleg innan 17.11.2017 via elektronisk skjema,
pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no
eller til postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument: