Kort om planendringa

Plankonsulent Norconsult AS har på vegne av Sognekraft AS søkt om endring av reguleringsplan for Kaupanger transformatorstasjon. Grunna påreknelege endringar i Statnett sin nettstruktur i Indre Sogn, er det behov for å bygge eit større anlegg. Gjennom planendringa vert byggeområde for energianlegg utvida frå 2 daa til ca. 5 daa.

Klagerett

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument i saka