Bilete - Ordførarar BLS saman med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore SannerBakgrunnen for møtet var samarbeidsavtalen mellom regjeringsparti og Venstra som inneber at kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal vert slege saman til ein kommune. Kommunane orienterte om arbeidet som er sett i for å førebu og gjennomføre kommunesamanslåinga.

Ordførarane peika på viktige føresetnader med å lykkast med samanslåinga, m.a. at staten må bidra med statlege arbeidsplassar til den nye kommunen og at hovudsete for fylkesmannen på Vestlandet vert lagd til Leikanger. Vidare peika ordførarane på naudsynte samferdsletiltak, slik at den nye kommunen vert eit felles arbeids- og bustadområde.