MOT oppfordrar ungdom og vaksne i heile Sogndal til å spre glede!

Det viktigaste stikkordet for "MOT til å glede-dagen" er: TENK ENKELT! Gled mannen på gata, gode vener, naboen, bestemor på aldersheimen, farfar som sit aleine, klassekamerater, kollegaer eller barna i barnehagen. Gje ei hjelpande hand eller gå eit ærend for nokon. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gje eit smil, eit nikk og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det.

MOT ynskjer å bidra til å skape varmare og tryggare miljø. Det kan koste litt mot å gjere noko ekstra for å spre litt glede, men glede smittar og verdien til saman blir veldig stor!

Gle nokon i ditt nærmiljø du også, vær med på å gjera dagen til ein magisk MOT til å glede-dag!

Og hugs: Den største gleda du kan ha, er å gjere andre glad!