Leigeløyve for snøskuter vert utlyst med søknadsfrist om hausten, til vanleg kvart 4. år.

Det kan og vera mogleg å søkja elles. Enkeltsøknader vert mottekne fortløpande utan fristar. Dei fleste sakene vert handsama administrativt.

Vilkår

Det er krav om at ferdsel skjer aktsamt og med omsyn til natur, planter, dyr og menneske. Kommunen har laga eigne retningsliner for handsaming av sakene etter motorferdsellova. Motorferdsel i utmark og vassdrag omfattar ferdsel med bil, traktor, motorsykkel, snøskuter, vasskuter, motorbåt og luftfartøy.

Det er eigne reglar for motorferdsel på barmark og snødekt mark.

Utanom den ferdsel som er heimla i lov og forskrift, kan kommunen gje løyve til nokre former for ferdsel, etter søknad.