Vestlandsforsking skal i samarbeid med ein rekke faglege partnarar etablere eit nasjonalt kunnskapssenter om bærekraftig klimatilpassing i Sogndal. 
Kristelig folkeparti sikra at det blir sett av 10 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019 til å starte opp senteret, og etter det, 5 millionar kroner årlig.

Føremålet med senteret er:

  1. Utvikle kunnskapsmiljøet i fylket til å bli blant dei leiande forskingsmiljøa internasjonalt på området bærekraftig klimatilpassing
  2. Styrke den forskingsbaserte og brukarrelevante undervisninga på klimaområdet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og
  3. produsere relevant kunnskap om klimatilpassing til brukarar innan privat og offentleg verksemd.

Senteret vil vere lagt til Sogndal og organisert gjennom Vestlandsforsking, med eit nært samarbeid med Høgskulen på Vestlandet - Campus Sogndal; og vil i tillegg involvere ei rekke regionale og nasjonale brukaraktørar, forutan nasjonalt og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø innan klimatilpassing. 

Les pressemeldinga på Vestlandsforsking på denne lenka.