Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Nattugleprosjektet er administrert av ei styringsgruppe samansett av representantar frå SIL, KIL, Leikanger kommune/SYRIL, Sogndal Røde Kors, Luster Røde Kors, Sogndal Næringssamskipnad, Sogndal kommune, Sogndal Politistasjon, Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Luster kommune og Frivilligsentralen i Sogndal.
Dei omlag 240 nattuglene frå Leikanger, Luster og Sogndal går vakter i Sogndal sentrum onsdagar og laurdagar heile året. Nattuglene går ute til utestadene stengjer, slik at det skal vera edru vaksne i sentrum når folk går heim. Nattuglene ønskjer å gjera sentrum til ein tryggare plass å vera for all ungdom.
Nattuglene skal gjera ein innsats for å minska rusbruk og vald blant ungdommane. Nærver av edru og vaksne personar i gatene på kvelds- og nattetid virkar positivt inn på miljøet vårt.
Nattuglene sine 10 bod
Har du spørsmål?
Vil du melda deg på som nattugle?
Ta kontakt med
Frivilligsentralen v. Åge Vedvik
telefon 99286017
epost Aage.Vedvik@sogndal.kommune.no
