Dei omlag 240 nattuglene frå Leikanger, Luster og Sogndal går vakter i Sogndal sentrum onsdagar og laurdagar heile året. Nattuglene går ute til utestadene stengjer, slik at det skal vera edru vaksne i sentrum når folk går heim. Nattuglene ønskjer å gjera sentrum til ein tryggare plass å vera for all ungdom.

Stopp volden.jpgNattuglene skal gjera ein innsats for å minska rusbruk og vald blant ungdommane. Nærver av edru og vaksne personar i gatene på kvelds- og nattetid virkar positivt inn på miljøet vårt.

Har du spørsmål?
Vil du melda deg på som nattugle?

Ta kontakt med Frivilligsentralen
telefon 99286017
epost Aage.Vedvik@sogndal.kommune.no