Norsk Bremuseum

Loading map...

Bremuseet

Norsk Bremuseum i Fjærland er eit museum der du kan lære om snø, is og brear på ein spanande måte. Til dømes kan du eksperimentere med ekte is frå Supphellebreen. Ein stor attraksjon på museet er Ivo Caprino sin svimlande panoramafilm frå Jostedalsbreen. 

Mellom 60 – 70.000 personar besøker museet kvart år, noko som gjer det til eit av dei best besøkte musea i Noreg utanom storbyane. I museet er det souvernirbutikk og kafè. Museet er tilrettelagt for funksjonshemma.

Nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen har vedteke at Norsk Bremuseum skal ha knutepunktstatus for Jostedalsbreen nasjonalpark.

Kontaktinfo:
Telefon: 57 69 32 88
Telefaks: 57 69 32 87
E-post: post@bre.museum.no 
 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS