Personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve, har rett og plikt til opplæring: 550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap. Ved behov opp til 2400 norsktimar i tillegg.

Innvandrarar mellom 55 år og 67år har rett, men ikkje plikt til å ta del i opplæringa.

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Arbeidsinnvandrarar må betala for undervisninga.

Norskopplæringa held til i 2. etasje i Kulturhuset.
 
Norskopplæringa tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til alle som til ei kvar tid har rett til slik opplæring. Tilbodet omfattar nybusette flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar som treng norskopplæring.