Den nye forskrifta inneber at abonnementsgebyret for VA vert betalt for kvar bueining. Eigarar av einebustadar med ei ekstra bueining skal no betale abonnementsgebyr for begge bueiningane. Etter tidlegare forskrift fekk eigarane av desse eigedomane fritak for bueining nr. 2. 

Kommunen nyttar informasjon frå matrikkelen for å finne tal bueiningar og storleiken på kvar bueining for kvar eigedom. Vi ber abonnentar som no er fakturert for to bueiningar og som meiner dei berre har ei bueining, gje melding om dette til: postmottak@sogndal.kommune.no eller Sogndal kommune, postboks 153, 6851 Sogndal. 

Eigarar av fritidseigedomar skal etter den nye forskrifta betale etter same reglar som for bustadar. For andre eigedomar vert det ingen endringar. 
 
Som følgje av desse endringane vert satsane for årsavgift for vatn og avlaup redusert med 10% for alle abonnentar i høve vedtaket i økonomiplan 2018-2021. Denne reduksjonen er lagd inn i det beløpet som no er fakturert abonnentane. 

Nye vass- og avløpsgebyr-forskrift