Velkomen til Sogndal!
Først av alt vil eg ynskje deg hjarteleg velkomen til Sogndal. Eg håpar at lokalsamfunnet skal bidra til at det å flytte til Sogndal var eit godt val for deg. Det er mange som er i same situasjonen som deg.
Eit lokalsamfunn er bygt opp omkring fellesskapet og det einskilde individ. Vi er alle viktige bidragsytarar for å utvikle dette lokalsamfunnet, enten ein er oppvaksen her eller har flytta hit. Sogndal er eit ungt, dynamisk, fleirkulturelt samfunn med alle dei positive elementa det inneber.
Ta Sogndal i bruk som nytilflytta. Vi har ein fantastisk natur til bruk heile året, både i kommunen og regionen. Lokalsamfunnet har korte avstandar til dei fleste aktivitetar. Eit yrande folkeliv og rikt kulturtilbod ventar på deg. Du vil då sjå at gjennom lag- og organisasjonar er det lett og raskt å bli inkludert i lokalsamfunnet. Du er velkomen til å delta i lokalsamfunnet.
Eg har og ynskjer god kontakt med innbyggjarane og andre. Døra til ordførarkontoret skal til ei kvar tid vere open. Kontakt meg gjerne og fortel korleis di første tid i Sogndal har vore.
Vår visjon er: ”Fleire innbyggjarar og auka trivsel i Sogndal”. Sentrale verdiar er at: ”Gjennom samarbeid får vi ting til”.
Jarle Aarvoll
-ordførar-
Telefon: 90822420
jarle.aarvoll(a)sogndal.kommune.no
New in Sogndal