Legevaktnummer 116117.jpg

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege i vanleg kontortid.

Det gamle nummeret som gjeld akutt hjelp 57 67 15 00 vil fungere som før. Ringjer du dette nummeret vil du komme til legevaktsentralen i Lærdal uavhengig av kvar du oppheld deg.

Ring fyrst
Legevakta er open for førespurnader på telefon heile døgnet. Utanom vanleg kontortid er legevakta i Sogndal ikkje bemanna med fast personell, men lege i beredskapsvakt heime slik at du må ringje for å komme i kontakt. Også på dagtid er det best at du ringjer på førehand for å få ei vurdering av situasjonen og tilbod om rett helsehjelp.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringje til?

  1. Fastlegen din i opningstida - 57 62 97 00

  2. Legevaktnummer 116117 når det hastar

  3. Nødnummer 113 ved akutt og livstruande sjukdom