Økonomisk sosialhjelp

Før ein har rett til sosialhjelp skal ein prøva ut alle andre moglegheiter til å redusera utgiftene eller auka inntektene sine. Dette gjeld t.d. løna arbeid, sysselsettings- eller opplæringstiltak, trygdeytingar, studielån, bruk av formue eller sal av formuegjenstandar, eller ved reduksjon av utgifter. Hjelpa frå NAV sine sosiale tenester skal ta sikte på at ein vert sjølvhjelpt. Ofte vert økonomisk hjelp kombinert med rådgjeving og krav til søkjar.

Målgruppe

Personar som ikkje er i stand til å syta for livsopphaldet sitt, eller som i særskilte tilfelle treng hjelp til å tilpasse seg eller overvinne ein vanskeleg livssituasjon, kan søkje om økonomisk sosialhjelp.  

Handsaming

Søknad om sosialhjelp skal som hovudregel framsetjast skriftleg. Det kan i visse tilfelle akseptere at søknad vert framsett muntleg.

Søknadsskjema og eventuell hjelp til utfylling kan du få ved å kontakta NAV-kontoret. For at søknaden skal kunne handsamast så raskt som muleg, må søknaden vera fullstendig og korrekt utfylt og dokumentasjon må liggja ved søknaden. Dersom det manglar dokumentasjon, vil du få melding om det og søknaden vert lagt til sides til dokumentasjon er framskaffa.

Søkjaren har plikt til å gje opplysningar som er naudsynte for at NAV-kontoret skal kunna avgjera saka. NAV-kontoret har plikt til å sikra at ein søknad blir så godt opplyst som mogleg, det vil seia undersøkja trongen for hjelp og søkjaren sine framtidige moglegheiter til å greia seg sjølv. Ved gjennomgang av søknaden vil NAV-kontoret kontrollera opplysningane i søknaden mot vedlagt dokumentasjon. I tillegg kan NAV-kontoret kontrollera opplysningane mot offentlege register som: folkeregister, Husbanken (bustøtte), arbeidsgjevar og skatte- og likningskontor.
 
Vedtak :
Alle som søkjer om sosialhjelp får skriftleg svar på søknaden i form av eit vedtak. Sakshandsaminga kan ta inntil tre veker frå søknaden er levert til vedtak vert fatta. Dersom det ikkje er mogleg å behandla søknaden innan ein månad, skal søkjaren få eit førebels svar, jf. reglane i Forvaltningslova. Er søkjaren i ein akutt situasjon utan midlar til mat, kan vi gje krisehjelp.  

Klage

Søkjar kan klage på vedtaket. Klagefrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket. Om det er ønskjeleg, kan ein ta kontakt med NAV-kontoret for å få hjelp til å setja fram klagen. Ved mottak av ein klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS