Føremålet med områdeplanen

Frå det vedtekne planprogrammet til områdeplanen heiter det at dei sentrale planoppgåvene for denne planen er å:

  • Vidareføre dei sentrale ambisjonane for vidare utvikling av Fosshaugane Campus.
  • Knyte saman Fosshaugane Campus og Fjøra til eit samanhengande gang- og sykkelvenleg sentrumsområde.
  • Leggje til rette for høgare utnytting og fleire bustader i tettstaden
  • Prioritere område for utbygging og bevaring.
  • Avklare sentral infrastruktur som:
    • store byrom (plassar/torg) / grøne areal (park),
    • hovudvegnett og tilkomst
    • gjennomgåande gang- og sykkelveger
    • tverrsamband
  • Leggje til rette for tilstrekkeleg areal til ulike idretts- og aktivitetstilbod kring Kvåle stadion
  • Leggje til rette for elvepark frå Stedje bru til Kvålevegen.

Planprosessen

Som del av vedtaket av arealdel til kommuneplanen i 2013 vedtok kommunestyret også at det skal utarbeidast inntil 6 områdereguleringsplanar for Sogndal sentrum. Dette går fram av føresegn 1-1 i arealdelen:

1-1 Plankrav, jf. § 11-9 nr. 1
Ikkje utbygde område sett av til bygningar og anlegg etter § 11-7 nr. 1 skal inngå i reguleringsplan etter § 12-1.

For område sett av til sentrumsføremål vert det stilt krav om utarbeiding av områdeplan, jf. § 12-2, før detaljregulering, jf. 12-3, kan finne stad. Kravet om områderegulering for sentrumsføremål gjeld ikkje for areal til sentrumsføremål på Kaupanger.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt rettleiingsmateriale for reguleringsplanar bør nyttast ved utarbeiding av planforslag. For sentrumsføremål med krav til områderegulering vert det lagd opp til slik rekkefølge:

1. Fjøra vest, frå kaia til Stedje bru
2. Rutlin
3. Fjøra aust, resterande område aust for område i punkt 1
4. Frå Billagstomta til Fosshaugane campus, mellom elva og Trolladalen
5. Nestangen
6. Øyane

Administrasjonen har som oppgåve å følgje opp politiske vedtak og hausten 2016 starta arbeidet med å utarbeide områdeplan Campus Sogndal. Ved planoppstart hadde planarbeidet arbeidstittel Campus Fosshaugane. I samsvar med kap. 5 i plan- og bygningslova (pbl), samt § 12-8 i same lov varsla kommunen oppstart av planarbeidet den 14.12.2016. Alle rettshavarar innanfor planområdet, samt dei som er direkte tilgrensande til planområdet, fekk då tilsendt brev med informasjon om oppstart av planarbeidet. I same utsending vart det gjort kjent at kommunen også hadde lagt ut planprogram for områdeplanen på høyring, i samsvar med pbl § 12-9.

Frå regjeringen.no heiter det at:

Planprogrammet skal gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt, hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger. Forslag til planprogram sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn samtidig med varsling av planoppstart. Planprogrammet fastsettes ordinært av planmyndigheten.

Mellom anna på bakgrunn av innspel kommunen fekk til høyring av planprogrammet, vedtok kommunestyret planprogram for områdeplanen den 15.06.2017. Brev om vedtak av planprogrammet i kommunestyret vart sendt ut den 26.06.2017 til offentlege etatar, alle rettshavarar innanfor planområdet, samt dei som er direkte tilgrensande til planområdet.

Planavgrensinga har sidan oppstart strekt seg frå Kvålevegen i vest fram til Leighgota i aust. I nord er planen hovudsakleg avgrensa langs Trolladalvegen og Skulevegen. I sør er planen hovudsakleg avgrensa av Sogndalselvi fram til Stedje bru.

I samsvar med det vedtekne planprogrammet utarbeida administrasjonen deretter framlegg til områdeplanen. Pbl § 12-2 føreset at det er kommunen som skal utarbeide områdereguleringsplanar. Forvaltningsutvalet har delegert mynde frå kommunestyret til å kunne leggje planar ut på høyring. I møte den 24.05.2018 vedtok utvalet å legge framlegg til områdeplan ut på offentleg høyring og ettersyn, jamfør plan- og bygningslova § 12-10, med dei endringane som vart vedteke i møtet. I same møte vedtok også utvalet å gjennomføre eit informasjonsmøte, utover den medverknaden som allereie vart vedteken i planprogrammet. I samband med denne handsaminga i utvalet vart arbeidstittelen endra til områdeplan Campus Sogndal. Brev om offentleg høyring og ettersyn vart sendt ut den 27.06.2018 til offentlege etatar, alle rettshavarar innanfor planområdet, samt dei som er direkte tilgrensande til planområdet.

Høyringa er no avslutta og kommunen har motteke 55 merknadar til planarbeidet. Innkomne merknader vert no vurdert av administrasjonen før dei vert lagde fram for politisk handsaming i forvaltningsutvalet og kommunestyret. Områdeplanen vil bli endeleg handsama i kommunestyret våren 2019.

Les meir: Vedtak og dokument i saka

 

Spørsmål til planprosessen

Kommunen har dei siste månadane fått fleire spørsmål til planarbeidet og det vil vere av ålment interesse at fleire av desse spørsmåla med svar vert presentert her:

I kva grad tek områdeplanen omsyn til Den Europeiske Menneskerettighets Kommisjonen art. 8 (EMK)?

Kort summert skal alle lovverk i Noreg vere i samsvar med EMK, inkludert plan- og bygningslova. Planframlegget følgjer alle norske lovar og reglar for planarbeid og medverknad og vert handsama i politiske utval. Arealdel til kommuneplanen har vedteke at fortetting i sentrum er eitt av verkemiddela som skal nyttast for å vidareutvikle Sogndalssamfunnet.

I kva grad er prosessen med reguleringsplanen demokratisk?

Planarbeidet er demokratisk ved at det er forankra i gjeldande arealdel til kommuneplanen, § 1-1 Plankrav. Planprogrammet for områdeplanen har vore på offentleg høyring og er vedteken i kommunestyret. Planframlegget har vore handsama i forvaltningsutvalet før det er lagt ut til offentleg høyring og ettersyn. Det er også arrangert fleire offentlege informasjonsmøter om planarbeidet. I tillegg til dette følgjer kommunen alle prosesskrava for medverknad, som følgjer av plan- og bygningslova.

I kva grad har berørte partar blitt informert slik lova krevjar?

Alle rettshavarar innanfor planområdet, samt dei som er direkte tilgrensande til planområdet, er tilskrive om planarbeidet i samsvar med prosesskrava i plan- og bygningslova.

I brev dagsett 22.06.2018, som gjekk ut til dei aktuelle rettshavarane, går det fram at oreigning er eit verkemiddel for å gjennomføre innhaldet i områdeplanarbeidet. Er dette skrive som ein trussel?

Brevet har tittel «Informasjon om område regulert til offentleg føremål» og vart sendt grunneigarar av eigedomar som i planframlegget er regulert til offentlege føremål. Bakgrunnen for brevet er kommunen sin informasjons- og rettleiingsplikt etter forvaltningslova (§§ 11 og 17) til å gjere greie for endring av rettsstillingen for grunneigarane, då ein vedtatt reguleringsplan gjev heimel til oreigning.

Brevet er sendt  eigarane av 7 bustadhus som vil få endra arealbruk som følgje av planframlegget. Dette gjeld Avsølevegen 3 (drivstoffstasjon), Møllevegen 36 og 38 (grønnstruktur), Trolladalen 20-22-24 (tenesteyting) og Gravensteinsgata 6 (gang-/sykkelveg). Brevet er også sendt grunneigarar av eigedomar der det er føreslått nye gang/sykkelvegar og offentlege grønnstrukturar (park, friområde o.l.).

Kvifor har ikkje framlegget til reguleringsplanen vært oppe i kommunestyret?

Kommunestyret har vedteke planprogrammet for planarbeidet og er også det organet som skal gjere eventuelt vedtak av planen. Utover dette er politisk handsaming delegert til forvaltningsutvalet i samsvar med det kommunale delegasjonsreglementet, vedteke i KS-sak 30/17. 

Har Fylkesmannen på noko tidspunkt hatt spørsmål til om områdeplanarbeidet var gjort godt nok greie for?

Fylkesmannen hadde følgjande merknad til planprogrammet om kva tema planarbeidet skulle ta føre seg:

«Planprogrammet som er utarbeidd er ikkje tydleg på kva tema kommunen vil vurdere i planarbeidet, men viser til ein del sentrale oppgåver med arbeidet. Vi saknar i tillegg ei konkretisering i planprogrammet av kva kunnskap og analyser som skal leggast til grunn for dei vala som skal gjerast i planarbeidet.»

Dette vart følgt opp ved at planprogrammet vart gjort tydelegare før vedtak, og det vart teke inn eit kapittel om kva analysearbeid som skulle gjerast som del av planarbeidet.

I merknad til planframlegget har Fylkesmannen ikkje vist til merknaden ved oppstart, og vi oppfattar difor at temaet er tilstrekkeleg følgt opp i planarbeidet.

Kva har kommunen gjort for at innbyggarane skal få større medverknad slik som Fylkesmannen spør om?

I det vedtekne planprogrammet vart kapittelet om medverknad og planprosess gjort tydelegare. Forvaltningsutvalet vedtok ved utlegging av planframlegget: «Forvaltningsutvalet vil gjennomføre eit informasjonsmøte om planen i høyringsperioden.» Dette vart gjennomført 26. juni og på nytt 14. august etter tilbakemelding om at informasjon om første møte ikkje var kommen fram.

Når vart Campus Sogndal også Sogndal sentrum?

I arealdel til kommuneplanen er heile områdeplanområdet regulert til sentrumsføremål. Difor nyttast omgrepet sentrum også for Campus Sogndal.

I planarbeidet vert det synt til ein mogelegheitsstudie eller visjonsstudie, kva meinast med dette?

Ein mogelegheitsstudie vert ofte definert som ei utreiing som skal bringe fram nye idear og belyse potensiale for ein eigedom eller eit område. Idear vert presentert på skissenivå med liten grad av detaljering. Mogelegheitsstudie kan også omtalast som konseptvalvurdering, utviklingsvurdering og alternativvurdering.

Eitt av hovudmåla bak planframlegget er fortetting, dette omfattar også private eigedommar, kva verknad har dette for desse eigedomane?

Planframlegget har eit perspektiv på i alle fall 40 år fram i tid. For delar av planområdet legg planframlegget til grunn at nye tiltak skal vere i samsvar med fortettingsstrategien i arealdel til kommuneplanen. Det vil sei at nye framtidige tiltak skal ha ein høgare utnyttingsgrad enn kva som kan vere tilfelle for delar av planområdet i dag. I framlegg til planføresegner er det elles lagt til grunn følgjande i § 2 Fellesføresegner:

«Noverande aktivitet og bruk av bygningar og areal som er del av dette planframlegget kan halde fram som i dag. Ved totalskade i noverande bustadhus kan bustadhuset totalrenoverast og noverande arealbruk kan halde fram. For nye tiltak innanfor planområdet gjeld derimot arealføremåla i denne planen saman med tilhøyrande føresegner.»

 Vil verdien på privat eigedom verte redusert som følgje av planføremåla i områdeplanen?

Det er ikkje nokon eintydig fasit på dette. For nokre eigedomar kan den verte redusert ved at det økonomiske potensialet for eigedomen vert redusert, medan for andre eigedomar kan det økonomiske potensialet auke. Dette kjem an på kva eigedommen er regulert til i dag og kva den eventuelt vert endra til i områdeplanen.

Sak 44 av 29.1.18, møte mellom rådmann og Rodeo Arkitekter, er unntatt offentlegheita, kvifor det?

Journalposten inneheld pristilbod frå leverandør i vedlegg, men referat frå møtet treng i seg sjølv ikkje å vere unnateke offentlegheit. Ved lagring av epostar til arkivsystem i Outlook vert heile eposten unnateke offentlegheit automatisk, sjølv om berre delar er unnateke offentlegheit. Dette må endrast manuelt, noko som no er gjort. Referatet er no tilgjengeleg for offentlegheita.

Den 08.09.18 la Statens vegvesen framlegg til ny sykkelveg i Gravensteinsgata ut på offentleg høyring og ettersyn. Dette framlegget er ikkje samanfallande med områdeplan Campus Sogndal. Korleis skal innbyggarane forstå dette? Kva skal dei svare på?

Detaljreguleringsplanen til Statens vegvesen har mellom anna ein annan plantittel enn Områdeplan Fosshaugane. Statens vegvesen har arrangert fleire offentlege informasjonsmøter, har orientert forvaltningsutvalet og skrive direkte til kvar einskild rettshavar innanfor og tilgrensande til planområdet. Elles har vegvesenet også halde seg til prosesskrava i pbl, jf. §§ 12-8, 12-9, 12-10 og 12-12. Områdeplanframlegget vil verte avgrensa slik at det ikkje kjem i konflikt med planen til Statens vegvesen. Slik vil dei altså gjelde side om side, men ikkje overlappe kvarandre. Dette er to ulike planframlegg, så dersom ein har interesser i begge planarbeida, må ein svare på kvart einskild planframlegg.