Etter føresegn 1-1 i arealdel til kommuneplanen skal det mellom anna utarbeidast områdeplan for Fjøra vest, frå kaia til Stedje bru. Frå planprogrammet heiter det at det skal leggjast til rette for etablering av vesentleg fleire bustadar i Fjøra og det nærast kringliggande området rundt.
Hovudføremål i planarbeidet er:

  • Bustadområder med høg utnytting og kombinerte arealbruksføremål
  • Definere og legge til rette for eit nord-vestleg grøntdrag frå Dampskipskaia, gjennom Sentrumsparken til og med Gravensteinsgata
  • Vidareføre vern av det særeigne trehusmiljøet på Elvebakken og i Nedstefjøra, etter PBL.
  • Utforming av Sogndalsfjøra på mjuke trafikkantar sine premiss
  • Nedbygging av overflateparkeringsplassar til fordel for underjordiske parkeringsanlegg
  • Utviding av Quality Hotell Sogndal

Kommunestyret handsama saka i møte 12.11.2015 sak 60/15, og gjorde slikt vedtak:

Kommunestyret vedtek områdeplan Fjøra vest, datert 22.10.2015, i tråd med plan- og bygningslova § 12-12 med dei opprettingane i føresegnene som går fram av notat frå rådmann dagsett 06.11.2015.

Planvedtak for reguleringsplan kan påklagast i samsvar med §§ 1-9 og 12-2 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 10.12.2015 og sendast:

Sogndal kommune v/ plan og næring
postmottak@sogndal.kommune.no eller
Postboks 153, 6851 Sogndal.

Plandokument

Planomtale 
Føresegner datert 17.11.2015
Plankart datert 17.11.2015

Politisk handsaming

Saksframlegg
Innkomne merknadar
Notat frå rådmann til kommunestyret - Oppfølging av vedtak i forvaltningsutvalet

Vedlegg til planframlegget

Rapport Trafikkanalyse Sogndalsfjøra

Uttale frå Ungdomsrådet PDF document ODT document
Vedlegg 1 - ROS-analyse PDF document ODT document
Vedlegg 2 - Innspel til melding om oppstart
Vedlegg 3 - Gjennomgang av innkomne innspel PDF document ODT document
Vedlegg 4 - Utgreiing Lerumstomta PDF document ODT document
Vedlegg 5 - Eigedommar innanfor planområdet PDF document ODT document

3D-modellar

Modell 1 - 6 etasjar, høg tomteutnytting
Modell 1 og 2 - kombinert
Modell 2 - 8 etasjar, låg tomteutnytting
Modell 3 - punktblokker 3-6 etasjar

Plankart og 3D-modellar visast ikkje alltid korrekt når dei vert opna direkte i nettlesaren din. Vi tilrår at du lastar ned dokumenta og opnar dei i Acrobat Reader eller tilsvarande program. 3D-modellane fungerer berre i versjon 11 og seinare versjonar av programmet. Nyaste versjon kan du laste ned frå http://get.adobe.com/no/reader/