Planområdet er lokalisert langs sørsida av Stedjevegen og strekk seg nordvest frå rundkøyringa ved Stedje bru fram til Stedje camping i søraust. Mot sør grensar planen til nordsida av Stedje kyrkje, frå Kyrkjebakken til Kyrkjevegen. Det samla arealet er på tilnærma 107 daa og gjeld i alt 186 partar. Føremålet med å melde oppstart av dette planarbeidet er å:

  • Leggje til rette for kombinerte føremål for næring, tenesteyting, kontor og bustad innanfor areal regulert til sentrumsføremål i arealdel til kommuneplanen.

  • Setje føresetnadar for nye tiltak innanfor bustadområder i tråd med arealdel til kommuneplanen.

  • Leggje til rette for vidareutvikling av gang- og sykkelvegnettet med utgangspunkt i Sogndal kommune sin sykkelplan.

  • Trygge offentleg føremål for grønstruktur innanfor planområdet.

Planarbeidet er vurdert etter § 2 e) og vedlegg 1 og 2 i forskrift om konsekvensutgreiing, med bakgrunn i dette vurderer vi at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing for dette planarbeidet.

Varsel om oppstart er sendt ut til grunneigarar og heimelshavarar innanfor planområdet samt naboar, offentlege instansar og interessentar. Vi ber samstundes om å verte opplyst om eventuelle skriftlege privatrettslege avtalar knytt til eigedommane innanfor planområdet.

Ønskjer du nærare opplysningar om planarbeidet tek du kontakt med sakshandsamar Cornelis Erstad.

Innspel til planoppstart merkast Innspel områdeplan Stedjevegen sør og sendast skriftleg innan 05.05.2016 via eige skjema,
eventuelt til: postmottak@sogndal.kommune.no eller Sogndal kommune v/plan og næring, Postboks 153, 6851 Sogndal.

Kart - Stedjevegen sør.jpg

Eigedomar og naboar Stedjevegen sør.jpg