Planarbeidet følgjer opp dei overordna føringane i kommuneplanen om mellom anna fortetting og urbanisering. Eit overordna plangrep vil gi ei meir føreseieleg utvikling og gjere det lettare å utarbeide detaljreguleringsplanar som tek omsyn til heilskapen iområdet. Områdeplanarbeidet vil vidareføre og tydeleggjere urbanisering slik det kjem fram av arealdel til kommuneplanen.

Planområdet er avgrensa av Sogndals elva, Gravensteinsgata, Leighgota, Skulevegen, Plassen, Trolladalen, Lunnamyri og Kvålevegen. Grunneigedomane er private og offentleg eigde eigedomar skilt ut frå gardane Foss, Bahus, Prestegarden og Kvåle, høvesvis gardsnummera 19, 20, 21 og 23 – sjå tabell nr. 1. Planområdet er i hovudsak regulert gjennom eldre reguleringsplanar etter plan - og bygningslova av 1985. Områdeplanen vil heilt eller delvis erstatte gjeldande planar innanfor planavgrensinga.

Campus Sogndal på Fosshaugane er motoren for kommunen og regionen. Føremålet med områdeplanen for Campus Sogndal er å setje rammer for utvikling av området og auke tilgangen på område for utbygging til undervisning/forsking, næring, bustad, idrett og aktivitet og med gode uteområde. Områdeplanen skal leggje t il rette for vidare vekst med ein tidshorisont 30 til 40 år fram i tid.

I områdeplanen kjem måla for campus i hovudsak til uttrykk gjennom:
1. Ein arealbruk som sikrar dei funksjonar som trengs i dagleglivet innan gangavstand.
2. Ein høvesvis høg utnyttingsgrad i bustadområda – for å utnytte dette sentrale utbyggingsområdet godt og gi grunnlag for etablering av tenester i nærområdet.
3. Eit overordna transportsystem som prioriterer fotgjengarar, syklistar og kollektivtrafikk, framfor privatbiler – for å gjere det enklast å reise utan bil.
4. Ei låg parkeringsdekning plassert i samla anleg g under bakken – for å sikre gode buområde utan unødig biltrafikk.
5. Krav om innandørs fellesareal for bebuarane innanfor kvart bustadfelt – for å skape ein arena for sosialt fellesskap og gi moglegheit til å ha mindre areal i kvar enkelt bueining.
6. Integrer ing av fleire funksjoner innan campusområdet – for å utnytte tomteareal og bygningsmasse betre.
7. Krav om lokal overvasshandtering i opne system og ein høg del grøne overflatar – for trygge mot framtidig auka nedbørsmengder samstundes som uteromma får eit gr ønt preg.
8. Store offentlege friområde i Fosshagen og langs Sogndalselva –for å skape eit godt bumiljø og legge til rette for utandørs rekreasjon, samt gi moglegheit for høgare tettleik i bustadområda

Dokument:

  1. Saksprotokoll
  2. Saksframlegg
  3. Planomtale
  4. Føresegner
  5. Kart
  6. Vurdering av merknader
  7. Mottekne merknadar
  8. ROS-analyse
  9. Trafikkanalyse
  10. Moglegheitsstudie
  11. Overvassplan
  12. Skisseprosjekt fleirbrukshall
  13. Utviklingsplan Fosshaugane Campus
  14. Rapport arkeologiske registreringar
  15. Notat frå rådmann
  16. Merknad frå Harris, Gravensteingata
  17. Merknad frå Harris, Plassen 11

Planvedtak for områdereguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast: postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til postboks 153, 6851 Sogndal.

Områdeplan Campus Sogndal - Planprosess, spørsmål og svar