Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Sogndal kommune har i underkant av 100 omsorgsbustader som er tilrettlagde bustader med livsløpsstandard. Omlag ein tredjedel av bustadane har fellesareal og fast bemanning på døgnbasis. Leigetakarane i dei andre bustadane får i hovudsak tenester frå open omsorg.
Omsorgsbustad blir tildelt til personar med ulike funksjonsvanskar og som treng tilrettelagde bustader og ulike tenester.
Tildeling av bustad skjer etter ei totalvurdering av søkjaren sin fysiske, psykiske og sosiale livssituasjon.
Tildeling av bustad skjer ikkje etter ansiennitet. Dette inneber at det ikkje vert teke omsyn til kor lenge søkjaren har vore registrert med søknad til trygde-/omsorgsbustad.
Søknad om trygde- / omsorgsbustad vert handsama i Tverrfagleg samarbeidsgruppe for eldre og funksjonshemma i Sogndal kommune, TSG. Det vert gjort vedtak om den buforma som ein fagleg vurderer er mest tenleg for brukaren.
Søknadsskjema
