Omsorgsløn er løn til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid der heimetenesta ikkje kan yte tilstrekkeleg hjelp.

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om omsorgsløn, men omsorgsløna blir gitt til den som har omsorgsarbeidet.

Hovudføremålet med omsorgslønsordninga er å bidra til best mogeleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og gjere det mogeleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsløn.