Omsorgsløn

Omsorgsløn er løn til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid - jfr. Sosialtenestelova §4-2 e. Omsorgsløn kan etter søknad verte innvilga til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver i heimen, der heimetenesta ikkje kan yte tilstrekkeleg hjelp.

Målgruppe

Omsorgsytarar, oftast nære pårørande.

Omsorgsløn blir gitt til den som har omsorgsarbeidet, ikkje til den som treng omsorg. Likevel har både den som gir og den som treng omsorg rett til å søkje om omsorgsløn.

Vilkår

Omsorgsytaren må ha «eit særleg tyngjande omsorgsarbeid».

Ein føresetnad for å motta omsorgsløn er at omsorgsarbeidet føregår i eigen heim.

Handsaming

Hovudføremålet med omsorgslønsordninga er å bidra til best mogeleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og gjere det mogeleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsløn.

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om omsorgsløn.

Ta kontakt med tenesteeining Helse og sosial

Klage

Klagefrist er tre veker frå vedtaket er motteke. Klage skal sendast til det organet som har fatta vedtaket. Om det er ønskjeleg, kan ein ta kontakt med tenesteeining sosial for å få hjelp til å setja opp klagen. Ved mottak av ein klage vil vedtaket verta vurdert på nytt. Dersom vedtaket ved ny gjennomgang ikkje vert endra, vert det oversendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS