Det vert høve til å kjøpa mat og drikke, og til å leige kajakk.

"Verdas vakraste gjestehamn?" var Båtmagasinet si overskrift då dei hadde ein stor biletreportasje frå det nye kaianlegget i Fjærland sist haust.

Det har vore arbeidd med å få i gong oppussing av Mundal sentrum sidan 1990-talet. No står heile anlegget i Mundal sentrum ferdig, med gjestehamn, universielt utforma sørvisbygg og parkanlegg.

Fjærland gjestehamn

Mundal sentrum med fjella og breane gøymde i bakgrunnen ein gråversdag.