Fjordstien - treningsapparatOpninga av fjordstien føyer seg inn i den rivande utviklinga som har vore i Sogndal sentrum dei siste 10 – 15 åra, seier ordførar Jarle Aarvoll. Sentrumspark, campus-utbygging, utbygging av næringsareal og bustader har gjort regionsenteret Sogndal meir attraktivt.

Med fjordstien gjer vi heile fjordlinja tilgjengeleg for alle - i alle aldrar. Fjordstien inviterer til ein roleg spasertur eller ein joggetur, leik på fleire leikeplassar, avslapping på ein grasplen eller i amfiet, bading i badelaguna eller på fleire mindre badeplassar, trening i trimapparata,  grilling på stader tilrettelagd for det m.m. Heile fjordstien er ein møteplass for alle som bur i Sogndal, for regionen, besøkande, for elevar og studentar og for turistar som vitjar Sogndal.   

Fjordstien vil vere eit pluss for både reiseliv, næringsliv, besøkande, studentar, innbyggarar - ja for heile regionen. Sogndal som regionsenter har opplevd sterk vekst over tid, og Fjordstien vil vere med på å forsterk det.

Fjordstien - utsikt mot SjøkantenEg hugsar før eg starta i politikken diskusjonen og praten om å opne Sogndalsfjøra opp mot fjorden, fortel Jarle Aarvoll. Mange år med mykje godt arbeid av mange personar, har til slutt gitt oss det me no skal opne - Fjordstien. Me hadde ikkje fått til dette løftet utan eit breitt og godt samarbeid med mange partar. Alle som har bidrege kan vera stolt over resultatet. 

Laura Kvamme kom inn i kommunestyret i Sogndal i 2007, har vore varaordførar sidan 2011.  Ja eg høyrde om planane om utviding av fjordstien med ein gong eg kom inn i politikken i 2007, seier Laura. Det har vore ein stor sak for kommunestyret. Med eit så stort prosjekt som fjordstien, og med så mange involverte grunneigarar, skulle det bare mangle at det har vore eit stort politisk engasjement, fortel ho. Med fjordstien har vi både fått etablert tilgang til fjorden og samtidig ordna opp i kloakken frå eigedomane langs fjorden. Det har kosta noko pengar, men har vore eit viktig punkt fortel Laura. Så er det fint at Fjordstien er eit flatt turalternativ for dei som ikkje ønskjer å gå i motbakke, seier ho. 

Dei legg ikkje skjul på at det har vore utfordringar undervegs, og me håpar det har vore med på å gje eit enno betre resultat når me no ser kor fint det er blitt. Tilbakemeldingane frå folk er svært positive. Fjordstien er vår felles eige, og vert opna same dagen som den nye Loftesnesbrui. Brua og Fjordstien er våre smykke som skal brukast av alle og takast godt vare på av alle. Me ser fram til at fjordstien vert mykje brukt i åra som kjem.

 

Opningshelg - Loftesnesbrui og Fjordstien - program