Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar

Kommunen skal gi utlendingar opplæring i norsk (250 timar) og samfunnskunnskap (50 timar), til saman 300 timar. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gå føre seg på eit språk som deltakaren forstår. Norskundervisninga skal gå føre seg på norsk. Ordninga skal verke med til at utlendingar kan ta del i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få busetjingsløyve (varig opphald) og statsborgarskap.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:

  • asylantar
  • overføringsflyktningar
  • arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira
  • personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse 
  • familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg

Pris

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa.

Sjå prisliste
 

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og innan tre månader etter at krav om slik opplæring blir sett fram.

Klage

Du kan klage på vedtak om

- tildeling av opplæring
- vesentlege endringar i den individuelle planen
- at opplæringa blir stansa
- permisjon

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 



 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS