Målgruppe

  • Eigedomseigarar (personar som har grunnboksheimel til ein eigedom)
  • Personar som har festa grunn for meir enn ti år
  • Personar som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste

Vilkår

Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal:

  • dele ei matrikkeleining
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
  • registrere ny matrikkeleining eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna

Oppmålingsforretning med kartlegging av eigedomsgrensene må vere utført før grunnboksheimelen til matrikkeleininga kan tinglysast.

Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gje opplysningar om mellom anna:

  • kva som blir rekvirert (kartlegging av eksisterande grenser, grensejustering, arealoverføring osb.)
  • eigar- og festetilhøve
  • grenser og naboeigedommar vist på kart

Skjema

Søknadsskjema - Rekvisisjon om oppmålingsforretning


Handsaming

Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravt forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Handsamingstid

Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker.

Klage

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller underretning om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.