Oppreisingsordninga

Illustrasjon oppreisingsordningaI Sogn og Fjordane er det oppretta ei felles oppreisingsordning for personar som har vore utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Ordninga gjeld for personar som var under offentleg omsorg fram til 1. januar 1993.

Siste frist for å søkje om oppreising er 31. desember 2012.

Fylkeskommunen administrerer ordninga på vegne av kommunane i fylket. Det er oppretta eit sekretariat som skal gje informasjon, rettleie søkjarane og førebu sakene for eit eige oppreisingsutval som avgjer søknadene. Ordninga er meint å gje både ei oppreising og ei orsaking utan atterhald.

For meir informasjon og søknadsskjema - sjå nettsida til fylkeskommunen
Du kan også ta kontakt med sekretariatet ved Karen Steingildra, tlf 57 65 61 45, e-post: oppreising@sfj.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS