Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL
Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Sogndal kommune tilbyr no eFaktura til sine kundar. eFaktura er enkelt, oversiktleg, fleksibelt og dessutan miljøvenleg.
Om lag 90 prosent av alle faktura blir i dag betalt i nettbank, likevel får dei fleste faktura tilsendt på papir. Dette er no i ferd med å endre seg. Fleire kundar etterspør eFaktura.
Kvifor ta i bruk eFaktura?
eFaktura er ein enkel og grei måte å betale rekningar på. I staden for den ”forelda” faktura på papir, der ein må skrive inn alle detaljar i nettbanken, kan ein med eFaktura få dette ferdig utfylt. Ein treng berre godkjenne betalinga. Det viktige er at ein kryssar av for eFaktura fyrste gongen ein betalar rekninga, elles blir ein ikkje gjort merksam på dette neste gong ein skal betale. Då må ein gå inn på eit eige val for forslag til avtaler i nettbanken og hente og krysse av for forslaget.
eFakturareferanse
Når du skal registrere deg med eFaktura første gong brukar du dei 8 første siffera i kidnummeret, eventuelt 00 og så kundenummeret ditt.
