Ordføraren si side

Ordførar Jarle Aarvoll
Ordførar Jarle Aarvoll

 

 

 

Politisk organisering i kommunen

 

 

 

Det er ein grunn til at du er innom ordføraren si side. Flott. Det viser at du er interessert i å finne ut meir om kva kommunen har av tenester og kva kvalitetar du etterspør om du vil busette deg i Sogndal eller allereie bur her.

 

Visjonen for kommunen er: ”Fleire innbyggjarar og auka trivsel i Sogndal”. Sentrale verdiar er at: ”Gjennom samarbeid får vi ting til”.

Dette er utdrag frå vår økonomiplan. Ord vi prøver å etterleve i vårt politiske virke.

Kommunestyret legg vekt på å styrkje Sogndal som regionsenter gjennom m.a. fleire utviklingstiltak som du kan lese meir om på heimesida vår.

 

Sogndal er eit lite men likevel stort samfunn. Vi kan nå det meste innan 5-10 minutt. Skule, barnehage, kultur, naturopplevingar, idrett, rekreasjon, handel, arbeidsplass. I denne kommunen brukar vi lite tid på å reise til og frå. Flotte naturopplevingar i gangavstand frå der vi bur, enten det er mot fjell eller fjord, sist synleggjort i TV-serien ”Oppdrag Sognefjorden”.

 

Meir enn 2000 studentar og skuleelevar set sitt preg på kommunen. Saman med dei vel 7000 fastbuande og dei mange tilreisande og ikkje minst dei som besøker oss frå nabokommunane. Vi har eit rikt lags- og organisasjonsmiljø i kommunen. Det er eit tilbod til alle om interessa er idrett, kultur, friluftsliv, musikk m.m..

 

Næringslivet i kommunen og regionen har ei svært positiv utvikling. Vi har eit mangfald av interessante arbeidsplassar i Sogndal og i nabokommunane.

 

Politikk er òg god dialog med innbyggjarane. Det for å bli betre på det vi er gode på. Vi skal gje best mogeleg tenester innanfor dei rammene vi rår over. God barnehagedekking, ein god skule, sosiale tenester, pleie og omsorg m.m.. Det skal vere lett å lukkast i Sogndal og få hjelp når du treng det.

 

Sentrumsparken er vår oase. Den er ein svært viktig møteplass og rekreasjonsområde for alle generasjonar. Den er vår alles eigedom. Der finn vi ungane sin leik, den gode samtalen rundt kafèborda hjå Galleri Krydder eller på ein benk i parken m.m.. det opne felles rommet vert viktigare.

 

Folkehelseperspektivet står sterkt i Sogndal, som til dømes  det førebyggande arbeidet. Vi fekk tidlegare i år samhandlingsprisen for arbeidet med ”Frisklivsentralen” , noko som understrekar at vi har mot og vilje til å gå nye vegar.  Dyktige tilsette i organisasjonen betyr mykje.

 

For deg som les dette og vurderer å flytte til Sogndal, du skal vite at vi har mykje meir å by på enn flott natur og eit godt samfunn å vekse opp i. Kom og opplev det no på ettervinteren eller til våren.

 

Eg har og ynskjer god kontakt med innbyggjarane og andre. Døra til ordførarkontoret skal til ei kvar tid vere open. Det er lett å nå meg.

 

 

Jarle Aarvoll

  -ordførar-

 

90822420         
jarle.aarvoll@sogndal.kommune.no

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal

Våre einingar

Relaterte nyhende

Web levert av CustomPublish AS