Orientering i Sogndal

 Orienteringsgruppa i Sogndal Idrettslag har eit aktivt o-miljø i Sogndal og omegn med eit breitt aktivitetstilbod. Gruppa arrangerer turorientering, treningsløp og ordinære løp. Stundom også ulike samlingar for unge løparar.
Turorientering vert arrangert kvart år i naturskjønne område rundt Sogndal. Desse postane er godt tilpassa turgåarar. Ein treng ikkje vere orienteringsløpar for å finne desse. Verdt å prøve.

Treningsløp vert arrangert kvar veke frå slutten av april til oktober med unnatak av ein periode i sommarferien. Her er det løp for både nybyrjarar og vidarekomne.

Konkurransar er sjølvsagt også ein del av idretten. Kvart år vert det arrangert ulike løp i Sogndal og elles i fylket. Sogndal har arrangert NM langdistanse og norgescup. Nordvestgaloppen i 2000 vart arrangert i Sogndal. Over 500 deltakarar frå 12 land fikk tre dagar med strålande sol, fjell og nydeleg terreng.

Oversikt over treningsløp og konkurranseløp finst på orienteringsgruppa sine heimesider.

Lenker til heimesidene:
Sogndal idrettslag

 

Kontaktperson:
Sverre Aasen tlf 57 67 21 78

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS