Sporadisk overnatting i bygning med anna godkjent bruksområde.

Retningslinjer ved sporadisk overnatting

Brannsjefen syner til brann- og eksplosjonsvern lova (BEL) og Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn (FOBTOT) vedrørande bruk av bygning til anna føremål enn godkjent bruksområde. Bygningar vil kunne godkjennast for sporadisk overnatting under føresetnad av at bygget er kontrollert opp mot krav til organisasjon og bygningsmessig brannvern. Sporadisk overnatting er i utgangspunktet basert på at bygningseigar ikkje driv ervervsmessig utleige og at bruken skjer på ein «non profitt» basis. Krava gjeld ved innkvartering av 10 eller fleire personar i same bygning.
 
Krav til organisasjon
Maksimum tal personar i kvart rom skal vera fastlagt på førehand og gå fram av branndokumentasjon/anna dokumentasjon. Det skal ved sporadisk overnatting til ei kvar tid vera ein vaken kontaktperson/ nattevakt. Denne skal ha tilgang til telefon for i branntilfelle ringe naudnummer 110.
  1. Eigar har ansvar for at det blir utarbeida instruksar for kontaktperson/nattvakt som syner ansvarsområde og myndigheit tillagt denne rolla. Kontaktperson/nattevakt skal ha god kjennskap til instruksar, rømmingsvegar og slokkemidlar.
  2. Ved sporadisk overnatting er det forbode å røyke og anvende «bar ild», dvs. stearinlys, gasskokeutstyr/primus lighter o.l. i heile bygningen. 
 
Krav til bygningar og installasjonar.
  1. Bygningar der slik overnatting skjer skal vera oppgradert til eit forsvarleg sikringsnivå med bakgrunn i FOBTOT av 26.06.02.
  2. For særskilte brann objekt (jf. BEL §13) skal instruksar og føresetnader for sporadisk overnatting gå fram av brannvern dokumentasjonens kapitel om unormal eller sterkt varierande risiko. Brann objekt skal dokumentera dette på tilsvarande måte.
  3. For brann objekt vil det bli kravd at eigar dokumenterer branntryggleiken.
  4. Det skal vere utarbeida brann teikningar for bygget der ein ynskjer sporadisk overnatting.
  5. Automatisk brannalarmanlegg med røyk deteksjon minimum i rømingsvegar (korridorar, trapperom) vil bli kravd. Vanlege røykvarslarar er ikkje tilfredsstillande.
  6. Rømingsvegane (korridorar, trapperom) skal ha tilfredsstillende ledesystem dvs. vere tilstrekkeleg merka og opplyst sjølv ved straumbrot. 
 
For nye registreringar gjeld i tillegg fylgjande: 
 
Etablering av ordninga
Eigar som ynskjer bygningen stilt til disposisjon for sporadisk overnatting, må sørgje for:
  • Særskilt brann objekt skal gjennom brannvern dokumentasjonen, dokumentere at bygningen har det nivå av tryggleik som er lagt til grunn for vanleg godkjent bruk, samt at dei tilleggskrav som gjeld for sporadisk overnatting er tilfredstilt.
  • Brann objekt skal og dokumentere branntryggleiken.
Objekts eigar som ynskjer slik aktivitet, må gjennomgå sitt objekt for å kontrollere om føresetnadane for sporadisk overnatting er tilfredsstilt. Vedlagt fylgjer «Registreringsskjema for sporadisk overnatting». Dette må fyllast ut og saman med angitt vedlegg returnerast til brannvesenet. Dersom dei mottekne opplysningar og dokumentasjon elles er tilfredsstillande, vil dette danne grunnlaget for godkjenning av framtidige enkelt meldingar om sporadisk overnatting. Utan dette vil det ikkje bli gitt løyve. Brannvesenet vil kunne føreta umelde inspeksjonar.
Melding om sporadisk overnatting i på førehand godkjente objekt.
Utfylt meldingsskjema skal vere brannvesenet i hende før overnattinga finn stad. Utfylt meldingsskjema vil berre bli registrert hjå brannvesenet, utan at det vil bli sendt ut nokon stadfesting på mottaket til dykk. 
Meldingsskjema kan lastast ned frå linken på slutten av denne sida og leverast eller sendast Sogndal kommune ved brannvesenet, per fax: 57629601 
Fyrste del av meldingsskjema fylles ut av eigars representant/ansvarleg brannvernleiar som samstundes skal sørgje for at innkvarteringsansvarlig får dei naudsynte dokument, som er:
    • Skjema «Melding om sporadisk overnatting».
    • Instruks for kontaktperson/nattvakt.
    • Eit sett med teikningar som viser på førehand godkjente rom med tal personar, rømings tilhøve, plassering av brannalarmsentral og slokkeutstyr.
Brannvesenet presiserer at ansvaret framleis ligg hjå objekts eigar/verksemd jf. Brann- og eksplosjonsvern lova §§ 7 og 8. Er det spørsmål eller noko som er uklart kan brannvesenet ved førebyggande avdeling svare på eventuelle spørsmål. Ved bygningsmessige og organisatoriske endringar av betyding for slik overnatting, skal brannvesenet kontaktast for ny vurdering av eksisterande godkjenning.
 
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS