Papirposar til matavfall

SIMAS ynskjer å teste papirposar i staden for vanlege bioposar, og har difor kjøpt inn eit parti posar for testing.

Alle som ynskjer å teste posane, får desse utlevert gratis i tenestetorget i mai månad. Det einaste du må gjere, er å gi opp namn og adresse, helst e-post adresse, slik at SIMAS i etterkant får sendt ut eit evalueringsskjema til kundane.

Papirposane er stivare og har plass til litt meir avfall, og skal kun brettast saman i toppen før du kastar den i dunken for våtorganisk avfall.

 
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS