Dersom du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over ei viss lengde, og difor har behov for å kunne parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet, kan du søkje om parkeringskort for rørslehemma. Du kan få parkeringskort både som førar av motorvogn og som passasjer dersom du har særskilde behov.

    Søk om parkeringskort for rørslehemma

Parkeringskortet skal ved parkering plasserast med forsida godt synleg bak frontruta. Parkeringskortet er personleg og kan ikkje knytast til ein organisasjon eller andre personar.

Ein får normalt løyve for 2-5 år. Vedlegg til søknaden er legeerklæring og passfoto.