Heim / Alle tenester»Helse»Pasientrettar

Pasientrettar

Som pasient har du ulike rettar og høve til å klage.
Alle fylka har eit uavhengig pasientombod.

Pasient- og brukaromboder ei statleg ordning som er lovfesta i Lov om pasientrettigheter kapittel 8, og skal ta vare på pasientane og brukarane sine behov, interesser og rettstryggleik. Det finst ombod i kvart fylke. Ombodet sitt arbeidsområde er offentlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester.

Pasient- og brukarombodet er ein rådgjevande instans for pasientar og pårørande. I 2010 hadde omboda nesten 15000 førespurnader på landsbasis. Omboda er sjølvstendige og uavhengige, men har ikkje formell makt. Pasient- og brukarombodet har såleis ein uavhengig posisjon. Omboda har teieplikt og ordninga er gratis. Dei som vender seg til ombodet kan krevje å vere anonyme. Både pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta kontakt.

Pasient- og brukarombodet kan gje informasjon om kva rettar ein har som pasient og/eller brukar i den offentlege helsetenesta. Omboda kan gje råd og rettleiing og hjelpe med å formulere og vidareformidle spørsmål og/eller klager. Omboda kan også bidra som konfliktløysar og hjelpe til i dialog med helsepersonell/sjukehus, sjukeheimar, allmennlegeteneste og andre som gjev helsehjelp og sosiale tenester.

Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane, Storehagen 1, 6800 Førde

Postadr.: Postboks 265, 6802 Førde

Telefon: 90246678

Epost: sf@pobo.no

Heimeside: www.pasientombodet.no

2011-04-01

Våre tenester følgjer informasjonsstandarden LOS. Det betyr at dei kommunale tenestene er knytt opp mot såkalla emneord.

Du finn dei mest brukte emneorda på framsida. Du kan og velje eit emneord fra Los-strukturen til venstre.

Finn du ikkje emneordet du leitar etter?
Vis/skjul statlige emner

Kontaktinformasjon

Sogndal kommune

Postadresse
Postboks 153
6851 SOGNDAL

Besøksadresse
Gravensteinsgata 17
6856 Sogndal
Web levert av CustomPublish AS