Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Sogn PPT er ei interkommunal og gjennomgåande rådgjevande teneste. Sogndal kommune er vertskommune for samarbeidet.

Sogn PPT yter tenester til kommunane Aurland, Leikanger, Luster, Sogndal og Vik. Vidare yter kontoret tenester til vidaregåande skular i Sogndal, Aurland og Balestrand.

Sogn PPT skal hjelpe barn, ungdom og vaksne med særlege behov gjennom utdanningsløpet.
Barn/elevar under 15 år kan visast til tenesta av føresette eller i samråd med barnehage/skule. Unge over 15 år kan sjølve ta initiativ til kontakt med tenesta, eventuelt i samarbeid med skulen.  Vaksne tek sjølv kontakt med tenesta.

Kva gjer PPT?

  • psykologisk pedagogisk utgreiing
  • individuell oppfølging av barn og unge
  • rådgjeving til foreldre/føresette
  • samarbeid med barnehagar og skular
  • rettleiing til tilsette i barnehage og skule
  • hjelp til overgangar i opplæringsløpet
  • hjelp til lærlingar/lærekandidatar i bedrift

Les meir på nettsida til udir

 

Opningstider sommar (15.05. - 14.09.)
Dag Tid
Måndag     08:00 - 15:00
Tysdag, onsdag, torsdag  08:00 - 15:00
Fredag   08:00 - 15:00
Opningstider vinter (15.09. - 14.05.)
Dag Tid
Måndag     08:00 - 15:45
Tysdag, onsdag, torsdag  08:00 - 15:45
Fredag   08:00 - 15:45

T

 Fellesferie i veke 27, 28, 29 og 30