Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Planar til offentleg ettersyn

Områdeplan Campus Sogndal

Forvaltningsutvalet handsama sak 23/18 i møte 24.5.2018 og fatta følgjande vedtak:

Forvaltningsutvalet legg områdereguleringsplan Campus Sogndal, dagsett 16.05.2018, ut til offentleg ettersyn og høyring, jamfør plan- og bygningslova § 12-10 med dei endringane som vart vedteke i møtet. Forvaltningsutvalet vil gjennomføre eit informasjonsmøte om planen i høyringsperioden.

Reguleringsplan rv. 55 Bondeviki–Fardal

Statens vegvesen legg i samarbeid med Sogndal kommune eit forslag til reguleringsplan ut til 2. gongs offentleg ettersyn i perioden 25.06.2018–31.08.2018.

Detaljreguleringsplan for Lerum brygge

Forvaltningsutvalet vedtok i  sak 20/18 den 12.04.2018 å legge ut planen til høyring og offentleg ettersyn i tråd med plan- og bygningslova §12-10.