Planprogrammet er utarbeida for å skildre korleis Sogndal kommune vil gjennomføre arbeidet med ny arealdel. Her vert det gjort greie for kva formål planen skal ha, kva tema som skal handsamast, korleis vi vil organisere arbeidet, korleis ein kan medverke i planarbeidet og framdriftsplan.

Dokument i saka:


Arealdelen fastset framtidig arealbruk for kommunen i perioden 2018 - 2028.
Hovudtema i revisjonen er:

  • Urbanisering og nyskapande friluftsliv
  • Bustad og nærmiljø
  • Kommunale tenester
  • Kaupanger
  • Infrastruktur
  • Overskotsmassar og massedeponi

Det er høve til å sende innspel til arealbruksendringar i arealdel til kommuneplan fram til 1. august 2018. Innspel sendast skriftleg via skjema,
pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til postboks 153, 6851 Sogndal.

Ved innspel til konkrete arealbruksendringar skal dette skjemaet fyllast ut og sendast inn: 
Skjema til utfylling ved innspel til arealbruksendring i kommuneplan 2018 – 2028.

Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast til Sogndal kommune v/plan og næring pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no, eller postboks 153, 6851 Sogndal.