I medhald av § 10 - 1 i plan - og bygningslova skal kommunen minst ein gong i kvar valperiode, og seinast innan eitt år etter at nytt kommunestyre er konstituert, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi.

Føremålet med den kommunale planstrategien er å klargjere kva slags planoppgåver kommunen bør starte opp og/eller vidareføre for å leggje til rette for ei ønskja utvikling i kommunen. Planstrategien sett sterkt fokus på at planlegginga skal vere behovsstyrt, og ikkje gjerast meir omfattande enn naudsynt.

Kommunal planstrategi for Sogndal kommune

Vedlegg:

  1. Planbehov planstrategi 2016 - 2020
  2. Oppsummering førre planstrategi
  3. Gjennomføringsgrad av tiltak i ulike planar